Sveinung Nordstoga (f. 1954) er dosent ph.d. i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg, studiestad Notodden. Han har skrive fleire artiklar og bøker om litteraturhistoriske emne, songlyrikk, historia om norskfaget og om nynorske forfattarskap. Viktige utgjevingar er Litteraturhistorie og L97. Ei fagdidaktisk innføring (1998), Livshistorier på landsmål. Andreas Austlids’ Lesebok for folkeskulen – eit leseprogram blir til (ph.d. avh. frå 2011) og Varsel, venting, vandring. Vegar inn i forfattarskapen til Tarjei Vesaas (2015).