Finn Øglænd (f. 1957) er frå Stavanger. Han debuterte med diktsamlinga Det opplyste landskapet i 1983, og har gitt ut ei lang rekkje diktsamlingar, romanar og skodespel. For sin mangfaldige forfattarskap har han motteke fleire prisar. Øglænd er òg ein av våre viktigaste omsetjarar, og har mellom anna gjendikta Mark Strand, Rutger Kopland, Charles Simic, James Wright, Hugo Claus og Eddy van Vliet til norsk.