Steintre

Forfatter: 
Pris: 
kr 349,-
Utgivelsesår: 
2012
Innbinding: 
Innbundet
ISBN: 
9788274882881
Språk: 
Originalspråk: 
Oversetter: 
Oskar Vistdal

Steintre inneheld 24 små tablåliknande forteljingar frå grenselandet mellom det røynde og det løynde. Gyrdir Elíasson er ein treffsikker stilist som skapar spenning og temperatur i kontrast mellom det prosaiske og lyriske, det muntre og det melankolske, mellom samtid og fortid, høgkultur og populærkultur. Det byrjar oftast i ein realistisk notidig kvardagssituasjon, derifrå blir lesaren teken med til andre tider og framande stader. Steintre er ein forlaupar for Mellom trærne, som kom ut på norsk i 2011, same året som forfattaren fekk Nordisk Råds litteraturpris. Begge bøkene skildrar intrikate individualistars møte med den moderne masse- og forbrukarkulturen.