Ved første augekast verkar Løyndomsfuglar som ei vanleg fuglebok, men Helge Torvund leier straks lesaren inn på uventa vegar gjennom visjonar, spontane innfall, folklore, eventyrlege fablar, spesifikke skildringar av unntak, imaginære sanningar og openberre motsetjingar.
‘Patafysikken vart skapt av den franske forfattaren og dramatikaren Alfred
Jarry i 1893, og vart definert som «vitskapen om imaginære løysingar». I korte prosastykke bruker Torvund vanleg ornitologi som utgangspunkt for ei overflod av ‘patafysiske observasjonar av verda, tekstar som kan minna om litterære storleikar som Jorge Luis Borges og Italo Calvino.
Boka hentar illustrasjonar frå det klassiske verket Svenska foglar etter naturen och på stein ritade (1917–1929) av Magnus, Wilhelm og Ferdinand von Wright.
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.