Herberto Hélder (1930–2015) blir, ved sida av Pessoa, rekna som den viktigaste poeten frå Portugal. Hélder arbeidde med å krysse element frå ulike kulturar inn i sin eigen poetikk, og mange les dikta hans som eit nett av stemmer som kommuniserer over store avstandar i tid og rom. Han vart rekna som eit av dei viktigaste litterære namna i samtida. Trass i strålande mottakingar trekte Hélder seg tilbake frå rampelyset, nekta intervju, prisar og deltaking i litterære hendingar. Han dediserte seg utelukkande til poesien. Hélder vart tildelt fleire prisar, som Pessoa-prisen i 1999 – som han takka nei til.
Tove Bakke har gjort eit utval av Hélders viktigaste dikt, frå den banebrytande, folkekjære debuten O Amor em visita (Kjærleiken på besøk) i 1958, til hans siste posthume verk Poemas canhotos i 2015.
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.