Hyperdraum handlar mellom anna om tid og tap. Notida saman med den gamle mora og ei tenkt framtid utan henne. Notida utan venen Jacques Derrida og likevel med han. "Eg er i dei aller siste tidene, no veit eg det ut frå eit fråvær av viten men eg veit det med alle sansane mine. Desse tidene deler seg i to utstrekningar av tider i rørsle, ustadige som to gjennomsiktige kontinent som slår seg saman og går over i kvarandre, blandar seg og skil seg frå kvarandre slik som dei to tårna våre som er eit einaste tosjela tårn i kroppen vår." Teksten rører seg mellom filosofiske refleksjonar rundt døden, litteraturtårnet til Montaigne, kvardagsliv med forunderlege innslag, venskap, minne, draumar - og ein sengebotn som familien har hatt i alle år. Først no får forteljaren vite at mora kjøpte denne sengbotnen av Walter Benjamin i 1932. "Der han sjølv la ned draumane sine om draumar, håpa sine og fryktene sine, tekstene sine som spraka i sterke fargar av angst, knallblått eldrødt kvitt."
Sitat fra anmeldelser
«Flere burde få øynene opp for Hélène Cixous formidable hybridromaner av personlige minner, felles traumer, fiksjon og jødisk historie.» - Hilde Slåtto, Vårt Land
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.