Då sildesnurparen Stjørnfjell ikkje finn silda får basen Bjørn ei uventa frihelg etter å ha vore på sjøen i fleire månadar. Kona Margit har sett av helga til utdanninga si og har i grunnen ikkje tid til å få mannen heim. Sonen Benjamin held seg helst vekke. Dei tre ber på sine sorger, sine redsler og sine voner. Sjølv om nokre av dei er felles klarar ikkje familien finna fram til ein måte å dela dei på. Korleis kan dei nå fram til kvarandre, og korleis kan dei finne ein måte å leva i lag på når sjølve livsgrunnlaget deire er truga? Helg syner det nære og kompliserte samspelet mellom dei store historiske og sosialpolitiske rørslene og kjenslerørslene i og mellom enkeltmenneska.
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.