DUS - Den unge scenen blei starta i 2003 etter ein modell frå Connections i England, der National Theatre i London spelar ei ledande rolle på same måte som Det Norske Teatret gjer i Noreg. Gjennom 12 år har DUS utvikla 35 nye scenetekstar for ungdom mellom 13-19 år, og seks prosjektrundar er gjen.nomførde. Totalt vert det arrangert DUS-festivalar i totalt tolv regionar, frå Agder.fylkene i sør til Finnmark i nord.
DUS har som mål å få fram ny dramatikk for ungdom, å dyrke fram gode tekstar som plattform for ungdommane sitt uttrykksbehov og å gjere teatret til ein attraktiv arena for denne aldersgruppa. Dei sju tekstane denne utgåva rommar, er fulle av humor og alvor, og speglar eit mangfald av tema som vi trur vil vere inspirerande for ulike sceniske uttrykk. Det er tekstar i samtida som fangar eit språk som ungdom kan forstå og identifisere seg med, og som kan utfordre og inspirere.
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.