Den illustrerte boka fortel historia om norsk, kunstnarleg illustrert skjønnlitteratur. Forfattaren startar med dei eldste handskriftene frå 1200-talet, ser på dei første trykte, illustrerte norske bøkene, og endar opp i dagens digitale verd. Dette er første gong forholdet mellom norsk kunst og litteratur blir behandla i eit oversiktsverk. Illustrasjonskunst har tradisjonelt ikkje vore vurdert på høgde med annan kunst. Men illustrert tekst har funnest like lenge som skriftspråket, og sjangeren illustrert bok er rik og omfattande. Denne boka omtalar over 250 norske biletkunstnarar og 330 illustrasjonar frå sentrale verk i norsk bokhistorie. Den er skriven for alle som er interessert i litteratur og kunst, både den allmenne lesaren og dei som har litteratur og kunst som yrke: studentar, lærarar, forfattarar, kunstnarar, forlagsfolk og kritikarar.
Betaling og personvern
Betalingsinformasjonen din blir behandlet sikkert. Vi lagrer ikke kredittkortinformasjon og har heller ikke tilgang til kredittkortinformasjonen din.