Marcos, Juan Manuel

Juan Manuel Marcos (Asunción, 1950) er ein kjent forfattar i Paraguay. Gunters vinter er omsett til førti språk. Marcos har skrive skjønnlitteratur, essay, dikt og folkemusikk og var ein framståande leiar i motstanden mot diktaturet til Alfredo Stroessner (1954–1989). Han blei fengsla og torturert av militærjuntaen og måtte flykta frå landet. Seinare tok han doktorgrad i filosofi ved Complutense-universitetet i Madrid og i litteratur ved University of Pittsburgh, Pennsylvania. Marcos har forska ved Yale og Harvard og undervist ved UCLA. Då han kom attende til heimlandet blei han vald inn i parlamentet og senatet. Han fekk diverse æresprisar, og etter kvart stifta han Universidad del Norte, som i dag blir rekna som det mest prestisjefylte universitetet i Paraguay og institusjonen som har gjort mest for kulturlivet og vitskapen i landet. 

Bibliografi