Storbrylloppet

Forfatter: 
Forlag: 
Pris: 
kr 299,-
Utgivelsesår: 
2020
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
220
ISBN: 
9788279904731
Språk: 
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
monoceros

Romanserien Juvikfolket kom ut i seks band i åra 1918–23. Den følger slekta frå Juvika frå ei mytisk og ubestemmeleg fortid, og fram til det som var samtid då verket kom ut. Vi møter juviking­ane i kvardag og helg, uår og godt år, barnsøl og gravøl, på fiske og i arbeid med jord og dyr.

 I Storbrylloppet opplever vi Duun på sitt mest burleske. To familiar med kvar sine verdisett og ambisjonar blir vikla inn i og ut av kvarandre i hendingar som fører fram til eit gedige dobbeltbryllup. Ein handletur til byen er eitt av høgdepunkta; shop till you drop er visst ikkje berre eit notidig fenomen. 

Men hovmod står for fall – om ikkje alltid, så rett som det er, og denne romanen, den tredje i seksbandsserien om Juvikfolket, er òg ei historie om sjukdom, svik og død. «Alle stabile familier ligner hverandre, men ned­adgående familier forfaller på hver sin måte,» skriv Ingri Løkholm Ramberg i eit etterord der ho legg vekt på korleis dei fleste av oss har både røtter og venger, og trekkjer trådar til andre store familieforteljingar i verdslitteraturen.

Etterord ved Ingri Løkholm Ramberg