Songar utan ord

Pris: 
kr 249,-
Utgivelsesår: 
2004
Innbinding: 
Heftet
Sidetall: 
66
ISBN: 
9788274881402
Språk: 
Originaltittel: 
Oeuvres poétiques complètes
Originalspråk: 
Oversetter: 
Haakon Dahlen

«Som få andre poetar frå siste halvdel av 1800-talet har Paul Verlaine blitt ståande som sjølve sinnbiletet på den franske symbolismens mest fordrøymde og tåkesvevande uttrykk; hyperestetismen som vil framdyrke ein ekstrem sensibilitet og gi det subjektive «indre» livet forrang framfor alt anna. Verlaines lyriske produksjon er vers med ei utsøkt siselert overflate, ein kunst som er intenst merksam på sin eigen karakter av artefakt, der den fysiske verdens skuggar blir arrangerte som ornamentale forløp underlagt subjektets skiftande emosjonar. Samstundes er også Verlaine på ein måte blitt innelukka i den litteraturhistoriske perioden han tilhøyrde. Frå dei mest sentrale av hans samtidige og dei nære forgjengarar - Baudelaire, Mallarmé og Rimbaud - går det klare og sterke linjer framover til omforminga av det tjuande hundreårets europeiske og amerikanske lyriske modernisme, og til avantgardens eksperimentelle og ikonoklastiske skriftpraksis. Medan dette store tri¬umviaret opna portane til den tid som skulle kome, vart Verlaine den som avrunda og avslutta ein epoke.» Paal-Helge Haugen