Postreptilia

Forfatter: 
Pris: 
kr 299,-
Utgivelsesår: 
2020
Innbinding: 
Heftet
ISBN: 
9788269171402
Språk: 
Originalspråk: 

 

«Mange bøker er bare bøker, det vil seia ei tilfeldig innbinding av ein tekst som kan gjevast att i kva typesnitt som helst. Teksten er noko ikkje-materielt, som finn ei tilfeldig form for at me skal kunna ta han til oss. Og så finst det bøker som Ivar Orvedals Postreptilia. Eit visuelt kunstverk og ei diktsamling på ein gong.[...] Dei ulike førhistoriske skriftteikna, og parallelloppstillinga av engelsk omsetting skildrar noko som har med alle menneske til alle tider å gjera. [...] Artikuleringa er sjølve saka i denne boka, det at me viser oss fram i vår delte eksistens [...] Som poet har Ivar Orvedal ein nydeleg diksjon, som gjer at det verkeleg er den heilage (dyrbare) teksten som sjanger ein møter i denne utgjevinga. I eit usamanhengande, kaotisk nettverk av menneskelegheit, slik den kjem til uttrykk over alt og til alle tider.»

 

– Hadle Oftedal Andersen, Bokmagasinet/Klassekampen. HOA er filosofie doktor, lektor i norsk og dosent i nordisk litteratur ved Helsingfors universitet.
 

Postreptilia kan kjøpast åleine eller saman med eit vinylalbum med same namn. Albumet, der Ivar Orvedal sine spoken word møter spontan komposisjon av Laura Marie Rueslåtten, klokkenist i Oslo rådhus, vil seinare bli å finne også som digital strømming. 

 

For meir info:
https://www.facebook.com/postreptilia/
https://www.facebook.com/ivar.orvedal/