Kyssa våre er ein avskjed

Forfatter: 
Pris: 
kr 349,-
Utgivelsesår: 
2013
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
176
ISBN: 
9788274883246
Språk: 
Originaltittel: 
Nos Baisers sont des adieux
Originalspråk: 
Oversetter: 
Margunn Vikingstad
Omslagsdesigner: 
Aina Griffin

Nina Bouraoui brukar litteraturen til å utforske eksistensielle vilkår. Prosaen hennar vekslar ofte mellom bilde og refleksjon og tematiserer mellom anna begjær, sakn og identitet. I Kyssa våre er ein avskjed gir Nina Bouraoui ei rekke nære portrett av stader, kunstverk og menneske som har vore viktige i livet hennar, frå barndommen i Algerie til Paris i dag. Dei sjølvbiografiske fragmenta viser ein særprega og stilistisk bevisst forfattar.

«Handa, Galleri Yvon-Lambert, Paris 2007

Den var av bronse, plassert på ein sokkel, det var stukke nåler inn i handleddet. Innskrifta var kjærleik. Det var snakk om den venstre handa. Handa til hjartet. Den som ikkje klemde den andre handa. Den som la seg over magen, panna, brystet. Handa som sjekka feberen. Handa som tørka tårene og delte ut kyssa. Det var ikkje handa som svor, men handa som lova.

Det var nåler i handleddet fordi kjærleiken i eit kvart sinn aldri kan bli kvitt smerta.»

Omsetjing frå fransk ved Margunn Vikingstad.