Kva er ei bok? Den illustrerte papirboka i ei digital tid

Forlag: 
Pris: 
kr 399,-
Utgivelsesår: 
2018
Innbinding: 
Heftet
Sidetall: 
344
ISBN: 
9788279903482
Språk: 
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
Monoceros

Skjer det noko med den illustrerte skjønnlitteraturen når digital teknologi og verds-veven overtar mange av dei oppgåvene boka var åleine om før? I eit par tusen år har boka vore det viktigaste mediet for lagring og formidling av litteratur og kunnskap. I fem hundre år har papir vore eit så vanleg materiale at ordet bok har blitt synonymt med papirbok. I løpet av dei siste to–tre tiåra har dette forandra seg mykje. Kva er det med mediet papirbok? Kva for spesielle eigenskapar har ei bok, og kva er det eigentleg med materialet papir?

Kva er ei bok? tar for seg norsk, kunstnarillustrert skjønnlitteratur etter år 2000, på jakt etter kvalitet og eventuell nyskaping. Eit viktig funn er auka bruk av teikneserie til roman og biografi. Det har gjort det nødvendig å stille spørsmålet: Kva er eigentleg ein teikneserie?  Nokre kunstnarar har tatt eit lengre steg bort frå det tradisjonelle og lagar artists’ books, lydverk og bokskulptur. Andre sentrale tema er forholdet ord/bilde, typografi, visuell poesi, bilderoman – og framfor alt det store spørsmålet: Vil papirboka overleve?

Forfattaren nøstar opp historie, avgrensar fenomen og belyser med eksempel frå mellom andre Lars Saabye Christensen, Jørn H. Sværen, Ingri Egeberg, Jason, Steffen Kverneland, Tor Ærlig, Lene Ask, Øyvind Holen og Mikael Noguchi, Tor Bomann-Larsen, Karine Haaland, Håkon Bleken og Kjell Askildsen, tidsskriftet luj-, Ingrid Storholmen, Gunnar Wærness, Monica Aasprong, Randi Nygård, Randi Strand, Stian Hole, Iben Sandemose, Per Dybvig, Mette Hellenes, Gunstein Bakke og Karl Ove Knausgård.