F2

Poetikkane ligg jo der, men startar gjerne ikkje å rulla før nokon peikar på forfattaren, utfordrar han og spør kvifor han skriv som han skriv. Det er eit utfordrande lite friminutt, kanskje, fordi forfattaren skriv bøkene sine med eit språk som er til for boka, som ikkje ber om forklaring, som ikkje krev innpakking eller støtte. Lesarane og oppdragsgjevarane er likevel nyfikne og drar i refleksjonane rundt. Halehengsindustrien etter boka er i bevegelse. 

Og dynamikken kan vera heldig: Det lenge lagra opplyst på nytt ved å bli spurt etter, fokusert fram til formatet forelesing, det munnlege essay. Kan vi seia at det er som betongstrålen ut røyret styrt av bygningsarbeidaren? Ja, det kan vi. Eller som foten i skrittflukt frå fast sti overraska av landingsmjuk mose? Absolutt.

Frå 2008 har Norsk Forfattersentrum arrangert Forfattarforelesinga for å auka det seine litteratursnakket i det offentlege, kjappe rom. F2 husar 28 av forfattarforelesingane (perioden 2011–14). I tillegg kjem ein appendiks med fem liknande foredrag frå Nansenskolens serie Forfatternes hus som dei arrangerer under Norsk Litteraturfestival. Dei fleste av forelesingane har vore på trykk (kortversjon) i Dagsavisen, Klassekampen eller Morgenbladet. Nokre av tekstane kan også finnast i forfattaranes eigne essaybøker.

Norsk Forfattersentrum vil takka Bokvennen Forlag og redaktør Leif Høghaugs tru på litteraturens eigenrådige tempo, samt Hans Tarjei Skaare på Nansenskolen som utfordra oss til å følgja opp F (nf, 2011) med F2.

Dette er i sum dei beste litteraturtankane i Norge og vil, saman med samlinga F, kunna tena som referanseverk for forfattarpoetikkar i lang tid framover. Forfattarforelesingane utfordrar og systematiserer litteraturtankane til kvar einskild forfattar. Lesarane finn tendensar og krysningspunkt. Dei kan finna vidare motivasjon til å lesa ein Bergsvåg, ei Linnestå eller ein Gunnerud. Ikkje løysinga, den endelege nøkkelen, for den finst ikkje. Men motivasjon. Trykk du på F2-knappen, blir det lysare. Bare prøv.  [frå føreordet]