Det er ein krig der ute

Forfatter: 
Pris: 
kr 299,-
Utgivelsesår: 
2014
Innbinding: 
Innbundet
Sidetall: 
228
ISBN: 
9788274884823
Språk: 
Originalspråk: 
Omslagsdesigner: 
pilot to gunner

«Dei kjem inn iankomsthallen på Flesland. Tett saman innom glasveggene skodardei rullebanen. Vintersola sig ned i vest. Eit skin av gyllenrosaperleskyer ligg att i vide horisonten. Ho tenkjer det ikkje. Ho ser det i skinet av den svinnande sola i himmelranda: Livet er alt, og så blir det mørkt. Ei brå skjelving rislar henne etter ryggen; ho legg armen kring dotra, kjenner hovudet hennar på aksla si; angen av henne får ho å blinda, ho vil som svinna i lyden av flyet inn for landing. Minnet dirrar i synet av Flynn koma ned flytrappa ein gøymt dag for så lenge sidan. Borte no. Den tidbundne avstanden. Evig borte.»

Ei ung kvinne møter ein amerikanar som livnærer seg som musiker i heimbygda hennar. Dei to forelskar seg i kvarandre. Brått står han innfor eit uventa val: Å gjera militærteneste for USA, eller bli verande i Norge. Han er drafted, innkalla til militærtenste; men USArmy fritek gifte menn for pliktteneste. For å berga kjærleiken, vil dei gifta seg. Men presidenten i USA, endrar brått lova og kallar alle amerikanske menn mellom 18 og 25 år til teneste for USA sitt «engasjement» i Vietnam, hausten 1965. Blir den unge amerikanaren verande i Norge er han utvist frå USA for all framtid. Han må dra og melda seg til teneste. Ho blir med. Men overtydd om at USA si opptrapping i Vietnam er feil, vil han nekta å bera våpen. Denne dramatiske historia om ein ung amerikanar sin kamp for eigen integritet og overtyding midt i mot militærmakta i USA, er fortalt gjennom den unge kvinna si erfaring  under opptrapping av krigen i Vietnam. Like innmed mannen sin hardnakka motstand på innsida av USA si militære stormakt, lever ho på skrinne vilkår i ei hytte som soldathustru på det største fortet i Nord- Amerika som trente fotsoldatar til USA sin jungelkrig i Søraust-Asia. 

Dette er en roman som handler om krig, fridom og kjærleik, og ein sterk fortelling om to unge menneske i kamp for eigeverd og retten til å leva i lag.